Afleveringen
-
Eit mystisk uvêr førar agentane til Austlandet og rett inn i eit stort, grått og kaldt tåkefenomen. Midt i kaoset møter dei forfattar Ida Eva Neverdahl, som mistenkjer at Floke Skrufsson og andre skapningar frå bokverda kan ha kome gjennom tåka. Plutseleg er dei i ein båt, omgitt av Midgardsormen. Kva må dei gjere for å unngå at Ragnarok bryt laus?
-
Agentane reiser inn i boka Kobbs hus – der det luktar sjø, kaninar hoppar baklengs og eit heilt hus har klikka! Forfattar Thoralf Fagertun treng hjelp – klarer Meister T og agentane å redde historia med eit ord ingen har høyrt før, ei kjensle utan namn og ein lyd som ikkje finst?
-
Zijn er afleveringen die ontbreken?
-
Bli med inn i den hemmelege avdelinga og høyr korleis Meister T, agentane hennar og forfattarar kjempar mot ulike tåkefenomen.
-
På veg til jobb oppdagar Meister T noko merkeleg under eit kafébord: ei glitrande, kvit sky … som luktar trøbbel. Snart står Avdeling T midt i eit oppdrag der ei heilt spesiell bokverd held på å gå bananas! Kva skjer når alt blir for perfekt – og ein agent byrjar å oppføre seg litt for tullete? Bli med inn i boka Full bajas – og møt forfattar Ingunn Thon. Klarar dei å løyse problemet før heile avdelinga blir smitta?