Afleveringen
-
Korleis er det å vere forelder til eit barn med spesielle behov – med alt frå kvardagsgleder til djupe dalar? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Ingvill Hystad Kyvik, klinikkdirektør i Helse Fonna og mamma til Anders.
Ingvill deler ærlig om erfaringar frå kvardagen, overganger, motgang og håp – og korleis små ting, som eit hei på butikken eller ei russejakke, kan bety alt.
Dette er ein viktig og varm samtale om inkludering, likeverd og det å finne glede i det som er heilt vanleg.
Sponsor: Subshore - https://subshore.no
Subshore er en multiindustriell selskapsgruppe med hovedkontor på Stord. Subshore leverer høyt kvalifisert personell og tjenester til både prosessindustrien, skipsverft, skipsindustrien, offshoreverft og elektro, i tillegg til fornybare industrier. Subshore har datterselskaper i Litauen og Romania, der vi har egne prefabrikasjonsverksteder og ingeniøravdelinger.
-
Våren er i lufta, og mange vurderer å pussa opp – men kva bør du eigentleg gjera med terrassen, huset eller fargevalet i år? Øystein Hillestad, dagleg leiar for Fargerike Malerboden deler sine beste tips.
Dette er ein episode full av praktiske tips, lune skråblikk og gode historier – om alt frå nisemaling og ristemaskin-kaos, til fotball, familiebedrift, rekecocktail med makaroni og terrortrussel i Spania.
Sponsor: Erko Settefisk AS
Erko Settefisk AS – eit selskap med base i Sagvåg på Stord, og ein del av Hauglandgruppen i Bergen. Erko Settefisk produserer smolt og postsmolt til Erko Seafood sine matfiskanlegg, og har eit moderne og framtidsretta RAS-anlegg, i tillegg til sitt eige klekkeri. Her blir rognen klekka, og fisken får tett oppfølging gjennom heile produksjonsløpet – heilt til den er klar for sjøen. Erko Settefisk produserer smolt heilt opp mot 1 kilo, og er stolte av å bidra til ein bærekraftig og ansvarleg sjømatnæring. Du finn dei i Grunnavågsvegen 81 i Sagvåg, og vil du vite meir, kan du blant anna lesa den årlege rapporten i tråd med Åpenhetslova – tilgjengeleg på nettsida deira. Takk til Erko Settefisk for at dei ville sponse denne episoden av Sunnhordlandpodden!
-
Zijn er afleveringen die ontbreken?
-
Kven står bak det som kanskje er Vestlandets koseligaste festival? Bli med når me slår av ein god prat med festivalsjef Britt Heidi Værøy om Fest i vest, som går av stabelen i Sagvåg 27.-28. Juni 2025.
Her blir det snakk om ekte dugnadsånd, artistar og sjørøvershow!
Du blir og betre kjent med Britt Heidi Værøy som har hjarte for bygda, blikk for detaljar og ei imponerande CV frå både butikkgolv og festivalrigg. Du får og høyra om eit uventa møte med ein tarantell! 🎶⚓🕷️
Sjekk ut: https://festivest.no
Sponsor: Aker Solutions
Det skjer mykje spanande på verftet på Stord for tida. Dei store fornybarprosjekta Sunrise HVDC og East Anglia nærmar seg ferdigstilling, m medan olje- og gassprosjekta Hugin A og Valhall PWP no tek form ute på verftsområdet. Samtidig er Aker Solutions i gong med årets lærlingeopptak, der målet er rundt 50 nye lærlingar. Dei ser også etter dyktige fagfolk til produksjonen. For meir informasjon sjå https://www.akersolutions.com
-
Ingvild er aktuell med kontoen @fjellgarden_saeterboe der ho viser fram gamlahuset på Sæterbø som er til leige på airbnb.
Ho skriv historie attende til år 1590 frå garden og deler gamle bilete samt krydrar med innblikk i gardslivet med alle dei firbeinte og fjørkledde.
Dei som har sett Ingvild forbinder ho nok med eldre hus, oppussing, fargar og interiør, piknik og champagne med utegrisar og rosa kjeledress.
Men bak den utadvente og smilande fasaden har ho skjult tunge depresjonar og møte med den kjende veggen, som til slutt enda med uføretrygd.
Ingvild fortel om skam og redsel, bipolar lidelse, vegen ho har gått og korleis ho har det i dag.
Følg gjerne kontoen @fjellgarden_saeterboe!
Og om du lengtar etter ei helg litt utanom det vanlege så kan du booka deg inn nokre netter i huset på Sæterbø med hjorten som næraste nabo.
🏡 Vil du bu i huset på Sæterbø? Sjekk Airbnb!
-
Vivian Gjøen Helgaland ei kreativ og modig kvinne som 5. april opnar si aller første soloutstilling på Print og Ramme i Lervik sentrum. Med temaet Livet og Lyset deler ho både glede og sorg, oppturar og nedturar.
Du får høyre om oppveksten på Bømlo, kunstnarglede, drillstaven, livet som småbarnsmor, tapet av ektefelle og å finna kjærleiken på nytt.
Vivian deler om å reise åleine til Frankrike for å leve ut kunstnardraumen. Og om kvardagen på Stord Kristne Skule, der ho no jobbar og trivst som fagarbeidar.
Dette er ei sterk, livsnær og inspirerande historie om å finne håp, meistring og glede – og om å tørre å leve heilt og fullt, trass livets utfordringar.
Følg: https://www.instagram.com/happiness_artofglory/
Sponsor:
Sponsor for denne episoden er Stord Kristne Skule – SKS!
Visste du at SKS er den einaste privatskulen i Stord kommune?
Her går det 41 elevar og jobbar 17 dedikerte tilsette – og no er dei på jakt etter fleire gode folk!Har du eit hjarte for barn og unge, og ønskjer å vera med og byggja eit trygt og kristent skulemiljø? Då bør du sjekka ut stillingane som lærar på ungdomstrinnet, SFO-leiar og assistent. 👉 Søknadsfristen er 11. april!
Har du et barn som vil bli elev på SKS?
Sjekk ut stordkristneskule.no, der finner du mer informasjon om hvordan du søker.Stord Kristne Skule – ein skule med verdier, varme og visjon. 💙
-
Bitta Bøthun Bjørnsdotter brenn for å gje folk ein kreativ pause i kvardagen. Gjennom konseptet Malemoro på Stord Hotel skapar ho rom for både leik, livsglede og djupare refleksjon – uansett om du har halde i ein pensel før eller ikkje.
I denne episoden får du høyra korleis kunsten blei både terapi og levebrød for Bitta etter tøffe helseutfordringar og tap, og korleis ho no brukar erfaringane sine til å løfta andre.
Ho deler ope om kunsten, smerta, gleda og draumane for framtida.
Dette er ein sterk, ekte og inspirerande samtale om kreativitet som livskraft.Sjekk ut:
https://bittabjornsdotter.art https://www.facebook.com/ArtistBittaBjornsdotter/https://www.instagram.com/artistbittabjornsdotterhttps://www.instagram.com/malemoro_stordSponsor:
🎙️ Dagens episode er sponsa av Stord Hotell!
Har du lyst på ein spanande jobb i eit triveleg og livleg arbeidsmiljø?
Stord Hotell har fleire ledige stillingar – mellom anna søkjer dei ein assisterande restaurantsjef i 100 % stilling.Er du ein leiar som klarer å motivere og skapa engasjement?
Har du lidenskap for mat, vin og god service?
👉 Då kan dette vera jobben for deg!Søk no – eller tips ein ven som du trur kan passa!
Det er òg ofte moglegheit for å få jobb som ekstrahjelp på Stord Hotell,
så sjekk ut nettsida: stord-hotell.no
Der finn du oppdatert informasjon om ledige stillingar.Stor takk til Stord Hotell for at dei er med og sponsar denne episoden!
-
Bli kjent med den energiske og allsidige Lea Qvistgaard – ei dame som kombinerer brasiliansk jiu-jitsu, butikkdrift, fjellturar og lokalt engasjement med eit smil og ein god dose råskap.
Lea styrer Joker Onarheim med stødig hand og skaper ein sprudlande og kreativ arbeidsplass midt i bygda. Samtidig brenn ho for lokalt næringsliv, bygdelaget, idretten – og fjellturar med ungane (gjerne med ein kvikklunsj på toppen).
Som 32-åring tok Lea tak i ein gamal draum: kampsport. No trenar ho brasiliansk jiu-jitsu 4–6 gonger i veka, konkurrerer på høgt nivå, har blått belte – og drøymer stort: VM-gull. I samtalen deler ho korleis sporten har forandra livet hennar, og kvifor ho meiner fleire jenter burde prøva seg på matta.
Lea er eit fyrverkeri av energi, initiativ og inspirasjon – både i nærmiljøet og på kampmatta.
Sponsor: Tysnes gjev meirsmak
Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.https://www.visittysnes.no
-
Kva gjer du når eventyrlysta tek overhand, og du hamnar midt i ein av dei største naturkatastrofane i moderne tid?
Cecilie Tingvoll Hope frå Sagvåg fekk backpackersekk til konfirmasjonen, reiste åleine til Thailand som 20-åring – og enda opp som snorkelguide. Så, ein dag i desember 2004, vakna ho til eit mareritt: Tsunamien.
Høyr om:
🌊 Den dramatiske dagen då tsunamien ramma Thailand
⚡ Amundsen Kabel – gründerliv på Bømlo
💡 Kvifor mestring og å ha det gøy på jobb er viktigEin episode om å følgje draumar, takle kaos og finne meining i utfordringar.
NB: Vil du støtte Sunnhordlandpodden?
Du kan bidra med 29 kr i månaden for å «halde SunnhordlandPodden i live» ♥️💸 Vil du bidra til framsnakking? Bli med på laget :-)
Sjekk: https://creators.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/subscribe
-
I ei tid der skjermbruk blant barn aukar, finst det innovative løysingar som fremjar balansen mellom digital læring og fysisk leik. I denne episoden møter vi Jørund Fjøsne, gründeren bak do:be – ei unik leik- og læringsplattform for barnehagar.
Jørund deler si reise frå kunst og design til teknologiutvikling, og vi får høyre om korleis do:be blei til, kva utfordringar dei har møtt på vegen, og korleis produktet allereie har skapt magiske augeblikk for barn og pedagogar.
Vi snakkar òg om kreativitet, inspirasjon og kor viktig det er at barn får bruke heile sanseapparatet i leik.
🔗 Finn ut meir om do:be: https://www.dobe.no
Sponsor: Tysnes Sparebank - https://www.tysnes-sparebank.no
Banken har ei lang og rik historie i regionen vår.
Med eit urolig verdsbilete, kan det vera godt å ha ein levande bank å søka råd hjå.
Hos Tysnes Sparebank finn du lokale rådgjevarar som ynskjer å vera ein aktiv medspelar for å finna gode og langsiktige løysingar for kundane sine.
Velkommen til Verdast mest personlege bank!Stor takk til Tysnes Sparebank - for at dei ville sponse dagens episode!
-
Korleis kan ein hage forandre livet? Marianne Helland Vik fekk ME, og kvardagen blei snudd opp ned.
Midt i det krevjande fann ho ro og glede med hagespaden i handa.
No inviterer ho til Hagespa på Stord vidaregåande skule søndag 30. mars – ein møteplass for alle som elskar hage, enten du har ein stor hage, ein balkong eller berre ein draum om å starte.
I denne episoden av Sunnhordlandpodden deler Marianne si historie om korleis hagearbeid vart hennar veg tilbake til ein meir balansert kvardag.
Ho fortel også om Hagespa-arrangementet, der det blir seminar med hageekspertar som Tone Johnsen frå Staudehagen på Almås, Elisabeth Liodden frå Elie Verkstad og Ida Kleppe, kjent frå NRK-programmet Draumen om eit småbruk.
Sponsor: Stord Anlegg
I dag er episoden sponsa av Stord Anlegg – ei entreprenørbedrift med moderne utstyr og kompetanse for små og store oppdrag.
Sjekk ut nettsida: stordanlegg.no
Stor takk til Stord Anlegg for at dei ville vere med som sponsor for denne episoden! -
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Remi A. Sortland, som brenn for både sykling og mental helse.
Han har nyleg lansert to podkastar: Sunnhordlandstoget, ein nisjepodkast for sykkelinteresserte, og Korleis har du det, eigentleg?, der han tek opp viktige tema innan mental helse.
Remi deler si sterke historie – frå ein utfordrande oppvekst prega, til hans eiga kamp mot depresjon.
Han fortel om korleis han fann meistring gjennom sykling, og korleis han har utfordra seg sjølv med ekstreme prestasjonar – som å sykle høgdemeter tilsvarande Mount Everest i eitt strekk.
I tillegg til podkastane sine, er Remi ein av initiativtakarane bak Sunnhordland Sykkelklubb, der han jobbar for å samle og styrke det lokale sykkelmiljøet.
Dette er ein inspirerande episode om viljestyrke, fellesskap og betydninga av å snakka ope om livet sine opp- og nedturar. 🎧🚴♂️
👉 Høyr episoden no!
Sponsor: B3 helse
B3 helse finner du på Heiane på Stord.
B3 helse er stolt av å kunne tilby et bredt spekter av helsetjenester og veiledning for å hjelpe deg på veien til et sunnere og mer balansert liv.
Hos B3 helse finner du erfarne fysioterapeuter, muskelterapeut og coaching.
Dei har enkel tilkomst og parkering i Rundehaugen 19
Slå følge med B3 Helse på Facebook og Instagram.
Og sjå nettsida b3helse.no
-
I denne episoden får du møte Jostein Waage, som driv Brandasund Kultur & Fritid og A.L. Waage Landhandel AS – ein mann med eit brennande engasjement for kystkultur, tradisjonar og lokalhistorie.
Oppvaksen i idylliske Brandasund har Jostein teke vare på arven frå si bestemor, den legendariske Nillo på Skjære, som dreiv butikk på eit lite skjær. I dag vidarefører han historia gjennom A.L. Waage Landhandel – og serverer sjølvsagt rosinbollar med gul krem, som han sjølv påstår er "Nord-Europas beste boller"!
Jostein deler minne frå barndommen, der fotballtrening betydde båttur – noko som kunne vere krevjande. Han fortel om tida si som fotballspelar i Bremnes, om si lidenskap for musikk og bandet The Rambles, og ikkje minst om eventyret med å gå på ski over Goddo.
Her får du ei hjartevarm og humoristisk reise gjennom kysthistorie, lokalpatriotisme, musikk, idrett og – sjølvsagt – rosinbollar.
🎧 Høyr episoden no!
Støttespelar: Fitjar Kraftlag
Denne episoden er laga med støtte frå Fitjar Kraftlag. Kvart år deler Fitjar Kraftlag ut støtte til ålmennyttige tiltak, og eg er svært takksam for at dei ville bidra til produksjonen av Sunnhordlandpodden. Kjekt at dei ser verdien av framsnakk!
Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør, eigd av fitjarbuen sjølv og andre medlemmar i kraftlaget. Overskotet frå kraftlaget kjem lokalbefolkninga på Fitjar til gode gjennom utdeling av ålmennyttige midlar. Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.
-
Møt Arild Steinsland, den nye prosten i Sunnhordland! I denne episoden blir du betre kjent med mannen bak prestekragen – frå barndomens fascinasjon for ferjer til kjærleiken for softis med krokan.
Arild deler historia om korleis han fann vegen inn i presteyrket, opplevingane sine som prest i Nord-Noreg, og kvifor han ein gong vart persona non grata i Romania. Han gir også eit innblikk i kva som er det beste – og mest utfordrande – med prostetenesta.
Dei neste åra skal Sunnhordland prosti ha ekstra fokus på ungdom, og Arild vil gjerne høyre frå DEG om korleis det kan sjå ut i praksis. Har du gode idear? Send dei hans veg!
Vi får også høyre om hobbyane hans – frå sykkel og innebandy til korleis familien lagar kreative julevideoar. Og kva skjedde eigentleg då han fekk seg ein skikkeleg trøkk på sykkel?
Lytt inn for ei spennande og variert episode! 🎧🔥
Sponsor:SunnBok
I dag er episoden sponsa av SunnBok – bokhandelen midt i Leirvik sentrum!
Treng du ei god bok, ei spesiell gåve, eller kanskje ein kopp kvalitetskaffi frå Jacu? Då må du ta turen til SunnBok!
Du finn butikken vis-à-vis Stord rådhus i Torgbakken 10.Hos SunnBok finn du bøker for heile familien – barnebøker, romanar, biblar og oppbyggande litteratur. Men SunnBok er mykje meir enn bøker! Dei har gitarar, leiker, spel, gåveartiklar som dei vakre figurane frå Willow Tree, og dei populære Ahava-kremane med mineral frå Dødehavet.
Skal du ha ei gåve til barnedåp, konfirmasjon eller berre ei oppmuntring til nokon du er glad i? SunnBok har eit stort utval av både gåver og kort for alle anledningar.
Og hugs – høgtlesing for barn er gull verdt! Det styrker språket, konsentrasjonen og skapar livslang leseglede.
Besøk butikken eller sjekk ut sunnbok.no! 📚✨
-
Anne Lise Haukås er fastlege og kommuneoverlege i Fitjar. Ho deler historia si, frå medisinstudiet i Bergen til turnusteneste på Haukeland og distriktslegepraksis i Finnmark, før familien flyttet til Fitjar i 2023.
Anne Lise fortel om kvardagen som fastlege, korleis ho balanserer arbeidskvardagen, og kvifor ho brenn for folkehelse.
Ho gir innsikt i utfordringane og moglegheitene i Fitjar-samfunnet, og reflekterer rundt fastlegekrisa og kva som må til for å sikre ei berekraftig helseteneste framover.
Kva betyr det å flytte til ein ny stad, bygge nettverk og engasjere seg i lokalmiljøet? Korleis kan me som enkeltpersonar ta betre helseval?Dette – og mykje meir – får du høyre om i denne episoden av Sunnhordlandpodden.
Støttespelar: Fitjar KraftlagDenne episoden er laga med støtte frå Fitjar Kraftlag. Kvart år deler Fitjar Kraftlag ut støtte til ålmennyttige tiltak, og eg er svært takksam for at dei ville bidra til produksjonen av Sunnhordlandpodden. Kjekt at dei ser verdien av framsnakk!
Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør, eigd av fitjarbuen sjølv og andre medlemmar i kraftlaget. Overskotet frå kraftlaget kjem lokalbefolkninga på Fitjar til gode gjennom utdeling av ålmennyttige midlar. Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.
-
I denne episoden møter du Benjamin Tveit Lillenes og Kristoffer Stokken, som deler sine erfaringar med å flytte frå Fitjar til internatskulen KVS Bygland i Setesdalen – 10 mil nord for Kristiansand og 12 mil sør for Hovden.
Kvifor valde dei å flytte, og kva skal til for at dei kjem tilbake til Sunnhordland?
Dei fortel om korleis det var å flytte heimanfrå, korleis interessa for maskiner og arbeidsklede starta, og korleis skuletida har påverka framtidsplanane deira.
Dei deler òg humoristiske historier om matvanar og brannalarmar.
Inspektør Jon Gunnar Kjetso gir eit innblikk i dei unike tilboda innan naturbruk og byggfag på KVS Bygland, og korleis skulen legg til rette for eit godt og inkluderande skulemiljø.
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med KVS Bygland:
Sjekk ut: https://kvsbygland.no
KVS Bygland tilbyr utdanning innan byggfag og naturbruk i vakre omgjevnader med fjord, skog og høgfjell like i nærleiken.
For dei som er interesserte i hest, jakt, fiske og turar i skog og mark, finst det eit vell av moglegheiter.
-
Bli kjent med Kurt Inge Larsen, ein mann med ein livsfilosofi som inspirerer: å unngå å angre på det ein ikkje gjorde.
Kurt deler historier frå sitt mangfaldige liv som fotballspelar, musikar og gamal revystjerne.
Under artistnamnet Kurti Larsen har han skapt musikk som rører, inkludert hans nyaste song, En ny dag, som vart lansert same dag som episoden.
Vi får høyre om hans oppvekst ved Kuleseikanalen, eit historisk landemerke i lokalmiljøet, om jobbreiser og krokodillejakt.
Kurt deler óg om korleis han opplevde eit hjerneslag i 2020.
Gjennom heile episoden reflekterer Kurt over viktigheita av å gripe dagen, følgje draumane sine og vere til stades for familien.
Bli med på ei reise full av livserfaring, inspirasjon og takknemlegheit for kvar einaste nye dag.
Sponsor: Kulleseidkanalen gjestehamn
Kulleseidkanalen gjestehamn på Bømlo er ei lun hamn omgitt av vakker natur berre få minutt frå storhavet. Ingenting er som å tøffa rundt i Sunnhordland med båt på sommaren – legg turen innom Kulleseidkanalen. Eller kanskje du har bubil – det er rundt 50 bubilplassar nær sjøen. I år opnar dei 17 heilt nye utleigehytter av høg standard, så no er det overnatting for alle her.
I Kulleseidkanalen driv dei restaurant og bar som har ope kvar dag i sommarsesongen. Det startar med eit smell med Ankerfest – musikkfestivalen i Kulleseidkanalen på Bømlo. Sett av helga 20. – 22. juni. Det blir folkefest, med svært ettertrakta artistar, liv i hamna og på campingen, open restaurant og eit yrande folkeliv.
Elles i året er det søndagsbuffé med variert middags- og dessertbord, utleige til bryllaup, selskap og alle andre feiringar. Dei tilbyr óg skreddarsydde løysingar for bedrifter, anten det er kurs, konferansar, mat eller overnatting.
Du finn dei på sosiale media under Kulleseidkanalen gjestehamn og på nettsida kulleseidkanalen.no.
-
Musikken er viktig for Magnus Hillesvik Valvatna. I denne episoden deler han si historie – frå å bli mobba i oppveksten til å finne styrke i musikken som medisin.
Høyr om hans deltaking på Mono-log festivalen, den nye EP’en Framtid Fortid, reisa frå korps til bandmedlem og artist. Magnus fortel også om kampen mot nervar og prestasjonsangst, og korleis han brukar musikken til å gje håp og støtte til andre.
Ei sterk historie om mot, meistring og musikkens kraft! 🎶
Lytt til Hilvall her:
https://open.spotify.com/artist/4026qnmUxHh3PHZUQItQRZ?si=edUHcCtvR0OHleu0SQBJ7Q
Dei som har bidrege på EP’en Framtid Fortid er:
Janne Robberstad foto/design.
Trommiser: Andreas Bjordal og Martin Hystad.
Vidar Johnsen på demo-arrangør
Kristian Sinclair Veum demo-arrangør
Cristopher Penzo demo-arrangør
Geir Magne Fossmark demo-arrangør
Brian Wallace demo-arrangører
Rune Sæter tekst skriving
Anders Lagerfors koring
Jonatan Thomason koring
Ingjerd Kolstad Kannelønning koring
Og ikkje minst Magnus Hillesvik Valvatna tuba, gitar, tromme og vokal.
-
Geir Albert Raknes deler sin fascinerande reise frå ein oppvekst prega av energi, lærevanskar og utfordringar til livet som muskelterapeut og massør.
Geir opnar opp om korleis ein ADHD-diagnose i vaksen alder vart eit vendepunkt som gav han innsikt og retning i livet. Han fortel om korleis interessa for anatomi starta som 14-åring, etter eigne ryggsmerter, og korleis denne fascinasjonen førte han til studiar i Oslo og seinare etableringa av Klinikk Svinten på Bømlo.Vi får høyra om oppstarten på Bømlo, korleis koronapandemien påverka verksemda, og ikkje minst hans nye satsing på Stord saman med gjengen på B3 Helse.Episoden gir eit inspirerande innblikk i korleis personlege utfordringar og lidenskap kan skapa ein karriere som gir varig verdifull hjelp til andre.
Sjekk ut:
Svinten.no og b3helse.no
-
I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du møte Monica Ur, ein engasjert og erfaren kursleiar som brenn for å hjelpe folk til å oppnå varige livsstilsendringar.
Saman med Jeanette Roede og Sven Erik Dahl frå Grete Roede diskuterer ho tema som nyttårsforsett, veiledning og korleis kurs kan støtte folk på vegen mot eit lettare og sunnare liv.
Monica deler si personlege reise, inkludert erfaringar med vektnedgang og kva som motiverer henne som veileder.
Vi får også eit innblikk i Roede-metoden, som er basert på over 50 års erfaring, praktisk kunnskap og solid forsking. Metoden er testet ut gjennom ny norsk forsking i samarbeid med Sykehuset i Vestfold – noko som gjer at 9 av 10 lukkast med å nå måla sine.
Få inspirasjon og konkrete tips til å starte det nye året med sunne og bærekraftige vanar!
Sponsor: Velværetunet
Treng du eit friminutt i kvardagen? 🌿
Velværetunet på Stord er staden der ro, velvære og fagkunnskap møtast. Tunet ligg idyllisk til like utanfor Leirvik sentrum, i eit fredelig område der du kan parkere rett utanfor døra.
Velværetunet tilbyr eit breitt spekter av behandlingar:
🌸 Hudpleie og spa-behandlingar
💆♀️ Massasje for total avkobling
💄 Makeup og pleie for bryn og vipper
🧖♀️ Sauna og massasjebadI dei lyse, romslige lokalene får du profesjonell behandling av Anne Britt Ottesen, som brenn for å gi deg auka velvære.
Velværetunet har lokale på 140 kvm, med 3 behandlingsrom, 1 dag SPA, butikk og kurslokale.
Anne Britt har over 20 års erfaring og står klar til å ta imot deg med tryggleik og omsorg.Gje deg sjølv – eller nokon du er glad i – ei velfortent pause. Bestill din time hos Velværetunet i dag!
🌿 Velkomen til eit friminutt i kvardagen! 🌿Sjekk ut: https://www.velveretunet.no
-
Johanne Øvstebø Tvedten – ei eldsjel innan historieformidling og drama.
Johanne deler fascinerande historier frå oppveksten på Nordfjordeid og Stord, utdanninga i USA, og sitt arbeid med kultur- og formidlingsprosjekt ved Sunnhordland museum.
I episoden får vi høyre om gamle juletradisjonar i Sunnhordland, artige historier om primstaven, og gripande forteljingar ho har samla frå regionen.
Johanne les også to kjære julehistorier av Alf Prøysen, som set den rette stemninga for Jula.
Dette er episoden for deg som vil bli inspirert av kulturarv, historie og gode forteljingar!
Sponsor: Steintøft
Steintøft – solide løysingar for ditt uteområde! 🌟Steintøft er din lokale ekspert på graving, boring, sprenging og opparbeiding av uteområde. Om du treng hjelp til å klargjere tomt til garasje, hytte, rorbu eller naust, bygge forstøtningsmurar i betong eller naturstein, eller oppgradere hagen med ny plen – Steintøft leverer trygge og effektive løysingar for både privatpersonar og entreprenørar.
💡 Treng du råd eller planlegging? Svein Tore Økland og teamet står klare til å finne den beste løysinga for akkurat ditt prosjekt.
🔗 Steintøft – når grunnarbeidet må vere steintøft!
Kontakt Steintøft i dag, og få jobben gjort skikkeleg frå grunnen av!Sjekk ut: https://steintoft.no
- Laat meer zien